Jon Martin Skauge (35) er ein norsk artist, gitarist, komponist, arrangør og musikkprodusent. Han har i mange år arbeida med kjende norske artistar og band. JMS vert av mange rekna som ein av dei beste gitaristane i landet, og spesielt innan countrysjangeren også blant dei beste internasjonalt. Han har komponert og produsert musikk til eit 10-tals dokumentarfilmar, bl.a. «Ut i Naturen», «Folk» og «Faktor» m.fl. viste på NRK1, TV2, Bergen Kino og ulike filmfestivalar. Han har jobba som freelance-gitarist og profesjonell musikar i over 15 år, og har spelt og delteke på mange av dei største musikkfestivalane i Noreg. Han har over 10 års profesjonell erfaring med gitarundervisning. JMS har også vore gitarlærar for ein vinnar av NRK Urørt (M. Paskalev). Han har vore instruktør på ulike rockeseminar for ungdom, hatt gitarkurs for ulike skular og gjeve undervisning for ulike kulturskular i ei årrekkje.

JMS har produsert, arrangert, redigert, mixa og spelt inn album for fleire kjende norske artistar, bl.a. Rune Larsen. Han har også produsert 4 album for Masfjorden Kulturskule, og har gjeve ut 3 eigne album med eigenkomponert musikk i jazz, pop, rock- og countrysjangeren.

JMS er 99% sjølvlært med lang erfaring som musikar. Han har likevel litt formell musikkutdanning og oppnådde utelukkande karakterane A og bestått i alle fag i musikkstudiet på Høgskulen i Bergen, og utførte der ein ifølgje 3 sensorar «legendarisk» praktisk eksamen i didaktikk (eksamen i musikkundervisning) med karakteren A som eksamensresultat.

Nokre artistar, band, musikarar, firma og andre som Jon Martin Skauge på ulike måtar har gjort musikalsk arbeid for,- enten som gitarist, produsent, mixprodusent (lydredigering/finpuss av innspelingar) eller andre ting inkluderer bl.a:

Treng du live-musikk?

Eg stiller med eige anlegg til dans, julebord, bursdag, pubkveld, bryllup, etc. Eg kan tilby seriøs service og god dansemusikk med et variert og allsidig repertoar. Sjå «tenester» for meir informasjon. Ta kontakt i god tid!

Har du lyst til at eg skal spela på ditt arrangement?

Send gjerne ein mail til jonmartinskauge@gmail.com