Kulturprisen i Masfjorden 2017 til JMS + + +
Aug
18
2017

Hei og velkomen til mi heimeside. Her finn du litt av kvart om mitt musikkarbeid. Eg mottok i Juni 2017 Kulturprisen i Masfjorden Kommune. Det var veldig kjekt! Sidan det har det vore musikkprodusering for ulike artistar, og konsertoppdrag og gitaristoppdrag. 19. August opptrer eg på Sandanedagane i Gloppen med Never Mind. Det trur eg vert veldig triveleg. Eg har også nyleg hatt mange spelejobbar i bryllaup og ulike tilstelningar, og held fram med det framover. I studio produserte eg nyleg for Junior-MGP-vinnar Mathilde Spurkeland og også Jan Spurkeland. CD nr. 2 for Rune Larsen er eg nesten ferdig med. Eg har fått med Siri Andvik på kornett og Ståle Daae på munnspel på denne produksjonen. Produserer også i desse dagar musikk for ei ny teateroppsetjing i Masfjorden, med musikk som eg komponerte i vår. 

Ta kontakt med mine eminente agentar Atle Nygård og Roald Gullaksen for livemusikk-, studiooppdrag, gitaristoppdrag eller andre henvendelsar (klikk på "kontakt" oppe til høgre :-))

Mvh JMS

Musikk til Lindås Ungdomslag
Mai
20
2017

Hei og velkomen til mi heimeside. Eg har nyleg komponert musikk til teaterskodespelet "Bryllup i Eventyrland" som vert framført av Lindås Ungdomslag i desse dagar. Det var svært moro å komponera musikken og like kjekt å sjå framføringa. Noko av musikken vil eg truleg gje ut for dei unge songarane.

Elles er det mykje speling og jobb med nye CD-prosjekt for blant andre Rune Larsen.

Mvh JMS

Musikk til dokumentar på TV2 10. Mai & Nytt album for Rune Larsen
Apr
30
2017

Hei og velkomen til mi heimeside! Har nyleg komponert og produsert musikk til filmen "Trær vokser ikke på penger" av Corax Film, som vert vist på TV2 10. Mai. Held også på med nytt album for Rune Larsen som etter planen kjem ut til hausten. Her på sida finn du diverse musikk og litt informasjon om kva eg held på med musikalsk. Har du behov for dansemusikk, musikkprodusent eller andre ting eg tilbyr ta kontakt med mine medhjelparar Atle Nygård eller Roald Gullaksen for booking (klikk på "kontakt" oppe til høgre for info). 

Mvh JMS

Ny CD for Rune Larsen, Single for Tone Rose Bratland
Feb
15
2017

Hei og velkomen til mi heimeside! Her finn du litt om mine musikalske aktivitetar. Gav nett ut ein single for Tone Rose Bratland og jobbar med ein ny CD for Rune Larsen no i 2017. Produserer også nokre songar for steelgitarist Egil Skjelnes i desse dagar. Elles er det mykje speling til dans, og litt booking til bryllaup og diverse. Ta kontakt i god tid om du treng god dansemusikk :-)

Mvh JMS

 

4 album og 1 dvd produsert før Jul 2016
Nov
29
2016

Hei og velkomen igjen til mi heimeside! Det vart ein travel haust/vinter men no er 5 store prosjekt i havn. Rune Larsen sin CD Blå Glede gjorde eg ferdig i September, og nyleg Katja Asmussen Kahrs sin EP, Jo Ronald Mjanger sin CD "FM-Nett", Masfjorden Kulturskule sin CD "Juletre" og teatergruppe sin DVD "Kampen i Skogen". Meget hektisk men givande :-)

Her på sida finn du litt av kvart om mine musikalske aktivitetar. Ta kontakt om du ynskjer noko :-)

JMS

 

Rune Larsen CD "Blå Glede"
Sep
23
2016

Hei og velkomen til mi heimeside! I dag 23. September vart CDen eg har produsert for Rune Larsen utgitt! Den heiter "Blå Glede", og er eit kjempeflott album med variert musikk, mykje gitarspel og fyldige arrangement :-) Du finn den både i din CD-butikk og også på streaming - RUNE LARSEN - BLÅ GLEDE.

Elles på sida finn du som vanleg litt av min eigen musikk og diverse informasjon om min musikkvirksomhet :-)

Mvh JMS 

August
Aug
7
2016

Hei og velkomen til mi heimeside! Treng du dansemusikk eller arrangement, innspeling og utgjeving av din eigenkomponerte musikk så ta kontakt i god tid med ein av mine kontaktpersonar. CDen for Rune Larsen har eg produsert ferdig og den kjem ut i haust på GRAPPA. Har gjeve ut fleire singlar for SILJE STEINSUND RØD og nett produsert ein single for Sondre og Ådne Matre Andersen,- "UTKANT". Før Jul blir det mellom anna CD for Jo Ronald Mjanger, det blir EP for Katja A. Kahrs og det blir JULE-CD for Masfjorden Kulturskule.

Du finn litt musikk av meg her på sida og også på alle digitale tjenester, og det er mogleg å kjøpa mine CDAR.

JMS

Juli
Jul
28
2016

Hei og velkomen til mi heimeside! Her finn du litt av kvart om meg og mitt musikalske arbeid. Visst du treng musikk, arrangement, innspeling og utgjeving av din eigenkomponerte musikk så ta gjerne kontakt med ein av mine kontaktpersonar. Det er mykje spelejobbar for tida og også produsering. CDen for Rune Larsen har eg produsert ferdig og den kjem ut i haust på GRAPPA. Har gjeve ut fleire singlar for SILJE STEINSUND RØD og nett no produsert ein single for Sondre og Ådne Matre Andersen,- "UTKANT" som no er på Spotify akkurat i tide for UTKANTFESTIVALEN.

Du finn diverse musikk av meg her på sida og også på alle digitale tjenester, og det er mulig å kjøpa mine CDAR her.

JMS

 

April - CD-produksjon for RUNE LARSEN
Apr
27
2016

Hei og velkomen til mi heimeside! Eg er no i innspurten av prosjektet for Rune Larsen. Eg produserer, speler inn og arrangerer alle melodiane, og komponerer også fleire melodiar for han. Elles går det for tida mest i spelejobbar, med mykje dansespeling åleine som trubadur, og også innspelingsarbeid for nye artistar. 

JMS

Mars 2016
Mar
29
2016

Hei og velkomen til mi heimeside! For nye henvendelsar klikk på "kontakt" og kontakt ein av mine medhjelparar, Hr. Gullaksen eller Hr. Nygård :-)

Her på sida finn du som alltid diverse informasjon om (litt av!) min virksomhet. 

Om du er her for å få tak i CD med Morellesongen, klikk på "Lytt" :-) Der finn du også mine andre cdar og CD produsert for artist Nikita Madeleine :-)

 

JMS

Desember
Des
14
2015

Hei og velkomen til mi heimeside. I det siste har det vore mange spelejobbar og konsertar i ulike settingar, både åleine og med andre. Spelte nyleg til dans på mange julebord på Gloppen Hotell i Sandane,- og det var meget triveleg, både mht. dei tilsette og publikum.

I desse dagar før juleferien held eg fram med å produsera musikk for ulike norske artistar. I Januar skal eg byrja å sluttføra min CD-produksjon for Rune Larsen. Det blir eit meget flott produkt! Eg satsar også på å sjølv gje ut minst 1 album i country-sjangeren neste år, og kanskje ein singel eller 2 før det.

God Jul!

JMS

Oktober
Okt
16
2015

Eg har i det siste produsert mykje for Rune Larsen, Kjerstin Anthun, pianist Jørn Skauge og også for Masfjorden Kulturskule. Høyr min siste jazz-cd om du ikkje har høyrt den, "What Else is New". Har også lagt ut nokre konsertopptak på youtube frå ein konsert med Rune Larsen i sommar, deriblant "Morellesongen" min.

JM

The Nervous Countdown Single
Feb
26
2015

Eg gav nyleg ut min nyaste country-gitarinstrumental, der eg har med Bjarte K. Helland på trommer, Kurt Baumer på fele og Dan Mikal Ripe Frøystad på steelgitar. Den er tilgjengeleg digitalt og her på YOUTUBE:

 

Her går det unna :-) For folk som kjenner Brad Paisley er det her dei same akkordane som i instrumentalen "The Nervous Breakdown".

Link til iTunes:

https://itunes.apple.com/no/album/the-nervous-countdown-single/id967444187?l=nb

Ha ein strålande dag!

JMS

Mars 2016
Mar
15
2016

Hei og velkomen til mi heimeside. Her finn du litt info og musikk av meg. Det går mykje i spelejobbar for tida og også produsering av musikk.

JM

U-864 Ubåtsongen
Mar
12
2015

Eg gav nett ut ein melodi om U-864 ved Fedje. Melodien er tilgjengeleg digitalt. 

 

JMS

XX

Still the One
Feb
10
2015

Min nyaste single:

 

Februar
Feb
5
2015

Hei! Heimesida mi har fått nokre fine oppdateringar og linkar til facebook-side og til miin musikk på Spotify, iTunes etc. finn du no her på framsida.

Nye innspelingar og prosjekt på gang. Country-cd og Jazz-cd på gang. Gav nyleg ut melodien "Still the One" som single.

Desember
Des
21
2014

Har produsert NY CD for SILJE KVAMME ANDERSEN. "Mitt Liv" heiter den og det er countryrock det går i, med unntak av tittelsporet. Har også gjeve ut EP for JO RONALD MJANGER og produsert CD for MARGARETH B. HORNE.

Planlegg nokre endringar og oppdateringar på heimesida her... 

God Jul..

JMS

X

Oktober - Konsert på Myking 26. Oktober 18:00
Okt
9
2014

26. Oktober vert det konsert i Myking Kyrkje med Jørn Skauge og Zhala Aliyeva. Overskotet går til Kirkens Nødhjelp. Dette vert ein flott klassisk konsert med musikk av Rachmaninov, Chopin m.fl. og eg har investert i eit splitter nytt flygel som vil bli nytta til konsert for første gang då. Konserten startar 18:00 og har ein varighet på ca. 1 time.

Eg planlegg også ein ny jazz-cd etterkvart, med Coltrane-inspirert musikk.

Eg gjev snart ut ein EP for Linda Gjerde Økland frå Myking, og held på å gjera innspelingar til ein CD for Margareth B. Horne. Tone Rose Bratland er også igang med innspelingar hjå meg.

Dokumentaren "Med Hjerte for Hjorten" som eg lagde musikken til vart meget godt motteken i NRK og blant publikum.

Det ligg musikk og lydklipp frå min musikk til både dokumentarfilmar og CDar eg har produsert i musikk-seksjonen. Min nye jazz-CD "what else is new" er også tilgjengeleg digitalt, søk då på "the jon martin group".

JMS

 

 

 

September 2014
Sep
1
2014

Hei og velkomen til mi heimeside. Eg har nett laga musikk for dokumentaren "Med hjerte for hjorten" som vert vist på NRK1 11. September 20:15

http://tv.nrk.no/program/DVFO30004413/med-hjerte-for-hjorten

Eg har også nyleg gjeve ut singelen "Nærbutikken på Kvingo" og produsert ein ny cd for Nikita Madeleine, "Sanger jeg skulle holde for meg selv": 

http://www.gd.no/kultur/article7526717.ece

JMS

 

 

X

Juni 2014
Jun
6
2014

NY JAZZ - CD

Hei og velkomen til mi heimeside. Det er travle tider men no er min nye jazz-cd ferdig, "What Else is New". "The Jon Martin Group" består av meg, Bjarte K. Helland og Torbjørn Hillersøy. Du finn den med lydklipp under "musikk". Kjøp den som digital nedlasting (wav eller mp3) eller som CD (sendt i posten). 

NY COUNTRY - CD

Never Mind Band sin nye cd Born by the Sea er også ferdig. Dette er country. Denne har eg produsert og speler mellom anna mykje countrygitar på. Du kan bestilla den på deira heimeside: http://www.nevermindmusic.net/webshop.html

Det nye albumet til Nikita Madeleine er også nesten ferdig, og vil bli gjeve ut denne sommaren.

January 2014
Jan
13
2014

Hei og velkomen til mi heimeside. 2013 vart eit travelt år og no er det nye prosjekt på gang :-) Satsar på å verta ferdig med jazz-cden min denne våren. Produserer også ein ny cd for Nikita Madeleine, høyr klipp frå den første i musikk-seksjonen her på heimesida visst du ikkje har høyrt den. Skikkeleg bra saker! Ho er spelt mykje på radio NRK P1 Hedmark og Oppland. 

Produserer også eit album for Never Mind Band som snart er ferdig. Det blir eit suverent bra country-album. Sitat: "Høyrest ut som det kjem rett frå USA".

Kjem i tillegg til å produsera musikk for TV-dokumentarar i vår, for Corax Film AS.

Ha ein fin dag!

JMS

 

 

KAOS ny cd-singel
Aug
23
2013

Eg produserte nyleg singelen "This is gonna be forever" for bandet KAOS frå Masfjorden. Songen er tilgjengeleg på iTunes, Spotify og andre streamingtjenester. Ein kjempeflott feel-good-melodi med trøkk, godt anvendt tid!

Eg har også produsert ein singel for Mari Karoline Mellingen frå Radøy som heiter "Trøystesong". Veldig fin roleg melodi som heilt sikkert vil kunna bli kjent over heile landet etterkvart. Den kjem snart i salg på Galleriet i Knarvik.

JMS

Ny CD: Nikita Madeleine - A Thousand Miles Behind
Aug
1
2013

CDen til Nikita Madeleine er no ferdig og klar for salg i nettbutikken her på sida :-) Klikk på "music" over her og du kan høyra lydeksempel.

Les intervjuet med ho på www.byavis.no

nikita_madeleine_web.jpg

JMS

 
Godt nytt!
Jul
30
2013

Velkomen til mi nye heimeside! Cden "A Thousand Miles Behind" av Nikita Madeleine er klar. Nydeleg popmusikk. Eg speler gitar på mesteparten av cden. Anbefalt.

Eg held også på med mitt neste jazzalbum! Oppdateringar kjem på soundcloud og facebook.

Eg gjer også innspeling av gitar for andre artistar. Ta gjerne kontakt visst du vil ha meg med på ditt neste prosjekt.

JMS