Jon Martin Skauge er veldig allsidig og kan tilby ulike musikalske tenester.

JMS sender faktura i ettertid for sitt enkeltmannsforetak. Kan også tilby kontrakt.

Ta gjerne kontakt for pristilbud.


Bryllupsmusikk

Jon Martin Skauge har lang erfaring som musikant i bryllupssamanheng. JMS stiller med eige profesjonelt komp, PA-anlegg og belysning og speler opp til dans om kvelden. JMS hjelper med det musikalske heile vegen i løpet av dagen, og kan t.d. vera forsongar til bordsongane, akkompagnera med gitar (også i kyrkja), eller om nokon av gjestane ynskjer å framføra ein melodi for brudeparet og gjestane i løpet av dagen kan han kompa dei på gitar. I tillegg til variert god dansemusikk for folk i alle aldre, kan JMS også øva inn og framføra kva som helst melodi brudeparet ynskjer,- ofte har brudeparet eit spesielt ynskje om brudevals, og dette fikser JMS. Han komponerer også komp, inkludert i prisen, på førehand. JMS har også polonaise på repertoaret for dei som ynskjer det.

JMS er ryddig, seriøs, 100% avholds og til å stola på. JMS har kun gode referansar og skussmål som musikar og spelemann.

Til dans

JMS speler opp til dans med sjølvlaga komp (bass, slagverk osv.) , så det let som eit heilt band, medan han syng og speler el.gitar til kompet. Normal speletid er t.d. mellom 22:00 og 02:00, avhengig av arrangøren sine ynskjer, med 45 min. speling kvart sett og pausar på 15 minuttar. JMS lovar god stemning og topp dansemusikk.

JMS kan også stilla med fleire musikarar (1-5), heilt opp til fullt band. Ofte stiller JMS som duo med musikar ROALD GULLAKSEN frå bandet NEVER MIND som medspelar.

Studioinnspeling Lydstudio JMS

JMS har lang erfaring og kompetanse med arrangering og innspeling av musikk, både for seg sjølv, for profesjonelle artistar, og også for privatpersonar. JMS arrangerer også musikken og kan leggja på, programmera eller skaffa innspeling av nær sagt alle ynskjelege instrument. Om du til dømes berre vil syngja inn ein melodi du har laga sjølv ordnar JMS resten. JMS ordnar også med utgivelse på Spotify, Apple Music og alle digitale tjenester. Klikk på «utgivelsar» for å sjå nokre av kundane, og for å høyra musikken deira er det berre å søkja på namna deira på t.d. Spotify.

Standard pris for enkel innspeling t.d. gitar og vokal eller flygel og vokal, inkludert innspeling, arrangering, redigering, endringar, mixing, mastering, digital utgivelse på Spotify/iTunes/Apple Music/Tidal osv.) er kr. 4000,- per melodi.

Standard pris for større innspeling, t.d. med slagverk, synth, akustisk gitar, el.gitar, perkusjon, strings etc., inkludert innspeling, arrangering, redigering, endringar, mixing, mastering og digital utgivelse er kr 8000,- per melodi.

Det er også mogleg med alternative løysingar avhengig av kva du er ute etter. Det viktigaste er uansett det musikalske og at du vert fornøgd. Det er alltid mange måtar å arrangera musikken på og det kan bli fint både med mykje og lite. Det er ikkje alltid det skal så mykje til, men samstundes er det ofte fint med eit fyldig arrangement. Det kjem an på melodien og stemninga du er ute etter. JMS har god erfaring med dette og kan produsera musikken i den retningen du ynskjer.

Komponering av musikk til film eller dataspel

JMS har også lang erfaring med komponering og produksjon av musikk for TV, inkludert «Ut i Naturen», «Folk» og ei rekkje andre dokumentarar viste på NRK og TV2 og filmfestivalar. Klikk på «lytt» for info og linkar til mange av desse.

JMS kan også komponera og produsera musikk for dataspel.

Prisar vil her variera avhengig av størrelse på prosjektet.

Arrangering og levering av lydfiler (gitar, strings, kor, osv.)

JMS kan spela inn og levera deg profesjonelle filer med høg musikalsk kvalitet, som regel på kort varsel. Er ekspert på gitar, både akustisk og elektrisk. Har også meget god kompetanse for programmering og pålegg av t.d. strykeorkester og andre instrument, også perkusjon. Meget lang erfaring og gode referansar. Høyr musikk JMS har produsert eller delteke på, klikka på «utgivelsar» eller høyr på hans eigen musikk.