Om JMS

IMG_0615.JPG

Eg har fått litt lengre hår

Han med gitaren…

 
 

Jon martin skaugE

Eg (no 39) synest det kjennest litt rart å kalla seg “artist” - så eg tenkjer eg seier “musikar”! Eg gav i fjor ut mitt 4. album “Med livet som innsats!” med norske tekstar og melodiar. Eg er gitarist, komponist, arrangør, gitarlærar, musikkprodusent og lydteknikar og det er berre gøye ting. Eg begynte å spela gitar då eg var 10 meiner eg, men det var først då eg var 16-17 at eg verkeleg byrja å øva mykje, fordi eg hadde vorte med i eit countryband som reiste rundt og spelte til dans på hotell og ulike arrangement. Eg fekk stå og spela fills og soloar 4-5 timar fleire helgjer i månaden i mange år. Bandet heitte "Joker’s Countrywagon”. Eg vart etterkvart allsidig i musikksmaken og dette opna øyrene mine for både jazz og countrygitar, og eg lærte veldig mye frå å lytta til Alan Jackson (Brent Mason), Hellbillies (Lars H. Haugen) og mange gode gitaristar. Ein gitarist eg også vil trekkja fram er Mads Eriksen frå Bergen, han sine cdar og melodiar vart eg veldig inspirert av og mange av mine eigne “gitartriks” fann eg på frå metodar eg høyrte frå han (nokre ting er eg framleis ikkje heilt sikker på korleis han eigentleg speler..).

Eg var også så heldig at eg via min onkel Arvid fekk prøva meg som komponist for eit filmselskap, og fekk produsert musikk til mange dokumentarfilmar på NRK og TV2, bl.a. «Ut i Naturen», «Folk» og «Faktor» for Corax Film. Det vart spelejobbar og innspelingar med mange ulike band og artistar, og også for Masfjorden Kulturskule, der eg fekk utvikla meg mykje med å laga arrangement og produsera musikk. Eg fekk delta på mange av de største musikkscenene i Noreg og stå på scena framfor tusenvis av menneske med ulike band og artistar. Eg begynte å undervisa gitar ganske tidlig og var gitarlærar for ein tidlegere vinnar av NRK Urørt (M. Paskalev). Eg har vore instruktør på ulike rockeseminar, har halde gitarkurs for skular og er instruktør i flere kulturskular.

Eg har ga fleire eigne album og singlar, og album for andre - av dei nylege er Rune Larsen sin “Blå Glede” og “Heartbeat” (og eg jobbar no med det neste albumet til Rune) og også Never Mind Band “Born by the Sea” vil eg trekkja fram. Eg har fått produsera 5 cdar for Masfjorden Kulturskule.

Eg er for det aller meste sjølvlært (før youtube, her gjekk det i “pause og spol tilbake…”!). Inspiratorar på gitar har vore spesielt Mads Eriksen, Frank Gambale, Brent Mason, Allan Holdsworth, Greg Howe, Joel Hoekstra, Jimi Hendrix, Eric Clapton, BB King og Stevie Ray Vaughan. Eg likar også for eksempel Michael Jackson, Sting, Toto, Yellowjackets, Alan Jackson, Planet X, Symphony X, Chopin, Scriabin, Prokofiev og Phil Collins.

Nokre artistar og andre eg har spelt eller jobba med lyd for er:

Rune Larsen

Tor Endresen

Helge Nilsen

Alexander Rybak

Anne-Sophie Endresen

Christine Guldbrandsen

Sigrid Moldestad

Kurt Baumer

Stein Hauge

Masfjorden Kommune

Martin Engelsen

Johnny Logan

Gunslingers

Egil Eldøen

Anita Hegerland

CAPS

Egil Eldøen

Kjell Kallestad

Never Mind

Paul Johansen

Mike Gallaher

Frode Alnæs

Torbjørn Hillersøy

Bjarte K. Helland

Eric Marienthal

Takle Grendalag

Yngvar Furebotn

Magne Johan Lunde

Gry Helge's Bar & Rest.

4Sound Hagstrøm Musikk

Billy Dee Hunter

Stein Hauge

Elisabeth Andreassen

Jan Spurkeland

Sandanedagane

Mari Mellingen

Mads Eriksen

Kirsti Sparboe

Ferdamann

Fjon Musikklag

Gloppen Hotell

Seim Musikklag

Nordbygda Skulekorps

EDO

Joker's Countrywagon

Kim Kolstad

Linda Ekeland

Terje Vevatne (Frigård) Band

Dan Mikal

Corax Film AS

Ferdamann

Linda Ekeland

Brekkestranda Fjordhotell AS

Austrheim Kommune

Lindås Kommune

Radøy Kommune

Kvinnherad Kommune